Inviterer lærarar til undervisning om rasisme og Israel/Palestina-konflikten
Fredag 26. januar er det Læraranes dag på Raftohuset.
Raftostiftinga ønskjer velkommen til Raftohuset på Læraranes dag 2024 ved Universitet i Bergen. På Raftohuset kan elevar og lærarar kome gjennom heile året og lære meir om demokrati og menneskerettar gjennom våre ulike undervisningspakkar.
Under Læraranes dag fredag 26. januar tilbyr vi eit spennande program for deg som lærar. Her kan du kan lære meir om god undervisning om rasisme, om konflikta mellom Israel og Palestina og årets Raftoprisvinnar Defence for Children International – Palestine (DCIP).
Korleis undervise om rasisme? Sju råd frå ungdom.
Fredag 26. januar (klokka 10.15-11) held Michal Abraha Solomon føredraget“ Hvordan undervise om rasisme - 7 råd fra ungdom”.
Undervisning om rasisme er noko mange lærarar opplev som vanskeleg å undervise om, mellom anna då det sit elevar i dei fleste klasserom som har opplevd rasistiske haldningar, rasistisk humor, eller bruk av gruppebaserte skjellsord.
I prosjektet som har leia fram til dei sju råda, har ungdommar sjølve fått kome til orde og bidrege med sine røynsler. Michal Abraha Solomon har vore med sidan starten av prosjektet og er no praktikant i Raftostiftinga. Føredraget kan du også bestille som ein spennande workshop til skulen din!
Israel/ Palestina, krig og menneskerettsbrot
Hausten 2023 gjekk Raftoprisen til Defence for Children International - Palestine (DCIP) for deira arbeid med å forsvare og fremje rettane til born som lev i dei okkuperte palestinske områda. I over 30 år har DCIP granska og dokumentert alvorlege menneskerettsbrot mot barn og arbeida for å helda israelske og palestinske styresmakter ansvarlege for universelle menneskerettsprinsipp.
Kjersti Berg, medlem av Rafto sin priskomité, historikar og førsteamanuensis ved NLA Høgskolen, innleiar om årets prismottakar og den pågåande konflikten mellom Israel og Palestina. I 2023 gav ho ut boka Palestina - Fakta på bakken (Universitetsforslaget) som tar for seg korleis konflikten heilt konkret slår ut på bakkenivå.
I boka er stader, hus og bygningar linser for å lese og forstå striden fordi dei fortel ein større historie om samanhengar mellom makt og kontroll over land. I føredraget vil Kjersti presentere boka som ei innleiing og kontekst til å forstå dagens situasjon i Gaza og arbeidet til prisvinnaren DCIP.
Føredraget er frå klokka 11.15 til 12 fredag 26. januar.
Undervisning på Raftohuset
På lærarane sin dag gjer vi deg ein god smakebit av typen undervisning vi held på Raftohuset og ute i skulane.
I tillegg til desse kan du også booke ei rad ulike undervisningsøkter og opplegg via nettstaden vår, eller ved å sende ein førespurnad til undervisning@rafto.no.
Velkommen til oss!
Kontakt
Birger Berge
UndervisningsrådgiverMeans of contact | Contact details |
---|---|
Phone: | 47814447 |
E-mail: | birger.berge@rafto.no |
Solveig Moldrheim
UndervisningslederMeans of contact | Contact details |
---|---|
Phone: | 93405159 |
E-mail: | solveig.moldrheim@rafto.no |